page view image

Konsert med Tom Roger Aadland

Tom Roger Aadland feirar tjue år som artist med albumslepp og landsomfattande turné hausten 2024. Laurdag 14. september kjem han attende til Jølstramuseet, dagen etter at det nye albumet «Lysvandring» kjem ut. På programmet står hans eigne kritikarroste låtar, Dylan på nynorsk, og eit utval songar han har skrive saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Vamp, Kjartan Fløgstad m.fl.).

Informasjon
event image

«Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+ då fjorårsalbumet «Skyer» kom ut. Plata hausta mykje ros, og blei nominert til årets album av Norsk Americana Forum. Ei rekkje av Aadland sine songar har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».

Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Det er duka for ei musikalsk feststund i Jølstramuseet.

konsert musikk norsk

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter blir kun refundert om konserten vert avlyst av arrangøren